Fåbergstølsgrandane er forma av breen for mange tusen år sidan.
No er det elvane frå Lodalsbreen og Stegholtbreen som fordeler
store mengder sand, grus og slam utover sletta. Med jamne mellomrom
fløymer elvane over og tek med seg grovmaterialet lenger
utover slik at sletta heile tida blir bygd opp i høgda. Naturen er prega
av pioner-planter som fjellsyre og musøyre. I vierkrattet kan ein
treffe på elg og hjort, og her er eit rikt fugleliv – heile 46 ulike artar
hekkar i området! I elvane sym aureyngel. Langsmed fjellsida går
den gamle driftevegen mellom Nordfjord og Sogn. På denne vegen
drifta dei hest, kyr og anna buskap over breen heilt fram til 1923.