Sesongen 2010 startar me opp køyreturar med hest og vogn frå Breheimsenteret. Benytt deg av denne flotte opplevinga til å sjå Jostedalen, og å høyre historia til denne spanande bygda. Hesten me brukar er ein Fjording og vogna vår tek 6-7 pasasjerar. Kusken vil syte for god sikkerheit og ei fin oppleving. Ein vakker kveldstur.
Ta med varme klede.
Tid: Kvar onsdag, fredag og søndag kl. 18.00. Turen tek omlag 45 min.
Pris: 1-3 personar- 300 kr per pers.
4-7 personar- 175 kr per pers.
Me kan også ta andre køyreoppdrag. Ta gjerne kontakt.
Turen er vêrforbeholdt.